|
Bømlo Kammerorkester, tidlegare Bømlo Strykeorkester, vart starta
vinteren 1998. Orkesteret er først og fremst eit resultat av at Bømlo
Musikk- og kulturskule i 1997 tilsette Margarita Popova og Dimtcho Ginev i
sin lærarstab. Ekteparet, som kjem frå Bulgaria, har lang røynsle med
orkesterarbeid, og er dei som skal ha brorparten av æra for at orkesteret er
kva det er i dag.
Ved utgongen av
november 2004 hadde orkesteret 25 aktive medlemmer. 7 av desse var såkalla
juniorar, eller nybyrjarar, medan 2 var vaksne. Alderen på ungdoms-medlemene
er frå 7 til 17 år.
Orkesteret har
øvingslokale i Musikk-skulesenteret ved Ungdomsskulen i kommunesenteret
Svortland i Bømlo. Medlemene kjem frå heile kommunen, frå Langevåg i sør til
Rolfsnes i nord. Nokre kjem jamvel frå nabokommunen Stord.
Orkesterøvingane
finn stad kvar onsdag, frå 1700 – 1800 for Juniororkesteret og 1800 – 1940
for Ungdomsorkesteret. Orkesteret held fleire konsertar i løpet av året.
Dette er både konserter som orkesteret arrangerer sjølve, vert inviterte
til, eller som Bømlo Musikk- og kulturskule held. Orkestermedlemmer deltek
òg med solist-framføringar. Om lag ein gong i året arrangerer orkesteret
seminar for strykarar i Sunn-hordland. Seminaret vert avslutta med konsert.
Dette har så langt vore svært vellykka. Kammerorkesteret har òg vore
utanlands, på besøk hjå venskapskommunen Faster i Danmark. Dette var eit
arrangement i regi av Foreningen Norden.. Kvart år arrangerer Bømlo Musikk-
og kulturskule adventskonsert. Då får utøvarane i musikk og kulturskulen
høve til å spela saman med ein kjend artist/utøvar. Sondre Bratland og
Reidun Horvei er utøvarar som det samansette orkesteret har halde konsert
saman med. I år var det artisten Ståle Ytterlid som var den heldige. Det
vart ein svært vellukka konsert.
I tillegg til dette
har orkesteret delteke på avslutningskonsertar i tilknyting til
Kystgildet/Kystsogevekene. I 2003 var ein i Grieghallen, og i år var det i
Maritim Hall i Haugesund ein fekk høve til å opptre.
Bømlo
Kammerorkesteret held eit svært høgt nivå til å vere eit orkester med barn
og unge som driv med dette på fritida si. Margarita Popova er ein framifrå
fiolininstruktør og har individuelle øvingar med elevane i tillegg til
orkesterøving ein gong i veka. Saman med Dimtcho Ginev, pianist, dirigent og
arrangør, styrer dei orkesteret med stø og profesjonell hand.
Medlemer og
føresette er no spente på kva den nære framtida vil bringe. Orkesteret er
nemleg invitert til Moskva i samband med 100 års-jubileet for Noreg si
lausriving frå Sverige, og ein arbeider i desse dagar med å få dette til.
Det er mykje som må klaffa, både musikalsk, økonomisk og reint praktisk om
det skal verte noko av. Spanande vert det, og ei stor oppleving for alle om
me klarar å få det til.
|