|
Sunnhordland Kammerorkester
Sunnhordland kammerorkester består
av ungdomar, vaksne, amatørar og profesjonelle musikarar frå Sunnhordland.
Hovudmålet for orkesteret er å gi eit tilbod til dei vidarekomne
kulturskuleelevane og musikklina ved Stord vidaregåande skule.
Kammerorkesteret har base på Stord, men held konsertar i heile regionen, og
gjerne saman med lokale musikarar og kor. Orkesteret blei starta i 1984 og
har gjennom åra hatt mange flotte konsertar og samarbeidsprosjekt. Vi kan
nemna: ”Messias” av Händel, ”Carmina Burana” av Carl Orff, ”Requiem ”av
Faurè, ”Messe i G” av Schubert, ”Messe i C” av Mozart og multimediaverket
”Tid som renn tid som flyt ” av Knut Vaage. I tillegg har orkesteret hatt
mange flotte konsertar med solistar frå musikklina og saman med
Distriktsmusikarane på Stord.
Våren 2008 tel orkesteret 25
medlemer som kjem frå kommunane Stord, Bømlo og Kvinnherad. Orkesteret har
alltid nytta profesjonelle dirigentar. Bjarte Engeseth var orkesteret sin
første dirigent frå 1984 til 1986. Frå 1986 til 1998, gjennom 12 år, var
det Olav Stordal frå Bergen Filharmoniske orkester som svinga taktstokken.
Frå 1998 og fram til i dag har Lars-Erik ter Jung vore orkesteret sin faste
dirigent.
|